KI-løysingar
Mykje av det ei verksemd veit, ligg spreidd i dokument, e-postar og hovuda til dei tilsette. Vi lagar KI-løysingar som gjer den kunnskapen tilgjengeleg – og som tek over oppgåvene som berre et tid.
- Assistentar som svarar på spørsmål ut frå dokumenta dykkar
- Oppsummering, sortering og utkast til tekst
- Automatisering av faste, repeterande oppgåver
Programvare og digitale verktøy
Somme gonger finst ikkje det rette verktøyet. Då lagar vi det. Vi byggjer program som passar arbeidsflyten dykkar, og koplar dei til systema de allereie brukar.
VR-opplæring
Gjennom Valkyrie byggjer vi virtuelle øvingsrom for helsefaga, der ein kan trene på krevjande situasjonar utan risiko for nokon.
Korleis det startar
Med ein samtale. De fortel kva som skaver, vi fortel ærleg om KI eller programvare kan hjelpe – og kva det vil krevje.
Døme på det vi har laga
sporlaus.no
Appar for språk, barn og familie.
Tale til tekst
Gjer tale om til tekst lokalt på PC-en. For Windows.
MøteReferent
Referat frå møte. Kjem.
Eksamensrettleiaren
Rettleiing til eksamen. Kjem.