Ein språkmodell åleine er ein Hugin utan Munin: flink til å resonnere, men utan å vite noko om verksemda di. Det er når tanken får tilgang til minnet – dokumenta, erfaringane og dataa dykkar – at KI blir nyttig i kvardagen.
Difor startar vi alltid med minnet. Kva veit de allereie, og kvar ligg det? Så koplar vi på tanken.
Det vi held fast på
Data dykkar er dykkar
Vi vel løysingar der dokumenta og dataa dykkar ikkje blir brukte til å trene andre sine modellar.
Vi forklarar kva KI-en gjer
De skal vite kva verktøyet kan, kva det ikkje kan, og kvar svara kjem frå.
Mennesket tek avgjerda
KI-en hentar fram og føreslår. Avgjerdene tek de.
Norsk språk
Løysingane skal fungere på nynorsk og bokmål, ikkje berre på engelsk.