
Slik verkar det
Saman i same rom
Læraren og opptil fem studentar er i same simulering og opplever scenarioet saman.
Pasienten endrar seg
Pasienten blir verre av seg sjølv om ingen grip inn. Monitoren alarmerer, og pasienten pustar, skiftar farge og lukkar auga.
Refleksjon etterpå
Etterpå kjem refleksjonssamtalen, med tidslinja på tavla: kva skjedde, og når?

Rommet 
Pasienten 
Tidslinja til refleksjonen
Scenario
Dette er scenarioa i Valkyrie no. Dei er utkast til fagfolka har godkjent dei.
- Akutt forverring på intensiv – systematisk ABCDE
- Handhygiene og hanskar – før, under og etter
- Føling (hypoglykemi) hos eldre med diabetes
- KOLS-forverring på sengepost: oksygen med mål
- Respiratorpasient desaturerer: DOPE
- Postoperativt sårstell – aseptisk teknikk

Kvifor VR
Mykje av det helsepersonell må kunne, er vanskeleg å øve på: sjeldne situasjonar, høgt tempo, og pasientar ein ikkje kan gjere feil på. I VR kan ein gjere det same mange gonger, prøve og feile, og få tilbakemelding med ein gong.
- Trygt å gjere feil – ingen pasientar i fare
- Same situasjon kan øvast så mange gonger som det trengst
- Fleire øver saman, og lærer av refleksjonen etterpå
Namnet
I norrøn mytologi er Eir den fremste lækjaren blant æsene. I nokre kjelder er ho også rekna som ei valkyrje. Valkyrie står for vern og omsorg – å vere der når det gjeld.
Laga avHugin & Munin LøysingarValkyrie er under utvikling. Er du lærar, studieleiar eller jobbar i helsetenesta, og vil vere med og forme det? Vi vil gjerne høyre frå deg.